Pris:200,-
Arrangør:Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal
Mål:Bygge sjusteinsovn og lage pizza.
Målgruppe:Lærarar i grunnskule og andre som arbeider med barn, unge og vaksne i bofelleskap, institusjonar eller liknande
Stad:Egna plass i ditt nærmiljø
Utstyr:Uteklede som tåler røyk og ild. Gode sko eller støvlar. Alt etter verforholda.

Aktivportalen arrangerer fleire kurs som blir definert under satsinga Læring i friluft. Kursa "Mat i det fri" er basert på boka med same tittel, skriven av Per Momrak og Øystein Vegge. Kursa kan nyttast som ei kursrekke eller som enkeltståande kurs. Kvart kurs varer ca 3 timer, og kan fint passe inn i planleggingstida til lærarar om skulen ønsker å styrke kompetansen innan faget friluftsliv/uteskule. Kurset er og svært godt egna til SFO tilsette. Gunstig gruppestorleik er 5 til 15 personar.

Mat i det fri er og egna som tema for å slå saman ulike fag som til dømes friluftsliv, naturfag, kroppsøving, mattematikk og mat og helse.

På dette kurset skal vi ta for oss teknikken Sjusteinsovn. Som namnet tilseier er det ein ovn som er bygd opp ved hjelp av sju steinar. Ovnen har to kammer, eit til å fyre i og eit å steike i. Ein eller fleire slike ovnar kan ein ha ståande til dømes på ein fast plass i skogen som skulen og SFO har tilgang til. Kanskje har skulen eigen gapahuk og bålplass, eller eit fast område som skulen går til på tur eller for leik.

Etter å ha bygd ulike eksemplar av Sjusteinsovnen, skal vi fyre og lage pizza i ovnen.

Du treng ikkje ha nokon førkunnskap for å bli med på dette kurset.


Dersom du ønsker å bestille dette kurset kan du kontakte oss via Ønsk deg eit kurs-siden

kommande kurs

Kategori