Læring i friluft - Mat i det fri / Bål & suppe
Pris: | 200,- |
---|---|
Arrangør: | Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal |
Mål: | Lære å fyre bål. |
Målgruppe: | Lærarar i grunnskule og andre som arbeider med barn, unge og vaksne i bofelleskap, institusjonar eller liknande |
Stad: | Egna stad i ditt nærmiljø |
Utstyr: | Uteklede som tåler røyk og ild. Gode sko eller støvlar. Alt etter verforholda. |
Aktivportalen arrangerer fleire kurs som blir definert under satsinga Læring i friluft. Kursa "Mat i det fri" er basert på boka med same tittel, skriven av Per Momrak og Øystein Vegge. Kursa kan nyttast som ei kursrekke eller som enkeltståande kurs. Kvart kurs varer ca 3 timer, og kan fint passe inn i planleggingstida til lærarar om skulen ønsker å styrke kompetansen innan faget friluftsliv/uteskule. Kurset er og svært godt egna til SFO tilsette. Gunstig gruppestorleik er frå 5 - 15 pers
Mat i det fri er og egna som tema for å slå saman ulike fag som for eksempel friluftsliv, naturfag, kroppsøving og mat og helse.
På dette kurset er det bålet som er i sentrum. Du skal få fyr, og med god margin! Dette er ikkje vanskeleg om ein følger nokon få prinsipp. Bålet sin magi fører med seg noko spesielt inn i alle grupper. Du treng ikkje ha nokon førkunnskap for å bli med på dette opplegget.
Når vi har god fyr lager vi suppe og brød. Sunn og god mat, som lett kan lagast ute.