Din kultur og aktivitetsportal

Postvegturen Sjøholt

Lett turveg, men noko tungt på grunn av stigninga. Ein kvilebenk er plassert på toppunktet, og her finn du også turpostkasse.

Rutebeskrivelse: Denne delen av Postvegen startar på Russebøen og tek av frå skogsvegen som fører til Hestvika. Du tek av til venstre ved Sjøholt Camping, opp ei til dels bratt stigning på det som var ein kjerreveg. Ørskog kommune, skuleelevar, lag og organisasjonar har siste åra kvista og opparbeidd vegen til om lag den standard han ein gong hadde. Underlaget er delvis grasdekt og bakkane opp til toppen er eit godt middel til å få opp pulsen.

© Alle rettigheter 2018

Laget av AN:NA design