Lekepatruljekurs
Barn og unge som er opptatt av leik og aktivitet har ikkje tid til å erte og mobbe andre. Over 60% av all mobbing går føre seg nettopp i friminutt og inn og ut av garderoba. Satsing på leik og fysisk aktivitet er ein svært viktig brikke i det puslespelet det er å bygge eit godt psykososialt miljø på skulen, og dermed og forebygge mobbing.
Det var elevar frå Kviltorp, Langmyra, Kleive og Kvam skular som deltok på kurset. Dei hadde ein topp dag, og er no klare for å sette igang på skulane sine.
Konseptet Lekepatruljen er oprinneleg dansk, men engasjerte lærarar og leiing på Spjelkavik barneskole i Ålesund tok dette konseptet i bruk i 2011. Lekepatruljen går ut på at to gutar og to jenter frå kvar klasse frå 4-7 trinn blir valt ut til å vere Lekepatruljeleiarar. Desse får eit dagskurs der dei går gjennom mange ulike leikar og aktivitetar. Tilbake på sin skule er Lekepatruljen ansvarleg for å sette igang leik og aktivitet i tillegg til den som allereie er i storefri. Kvar skule får og ei innhaldsrik utstyrskasse med m.a. innebandykøller, ulike typar softballar, badmintonsett, "fallskjerm", utebowling og utstyr til mange andre leikar.
Gjensidigestiftelsen har støtta interesseorganisasjonen "Glede i bevegelse" med 1,2 millioner kroner for å innføre Lekepatruljen på flest mulig skular i Møre og Romsdal. Det er desse midla som no blir brukt slik at ein kan tilby gratis kurs og gi utstyrspakkar til alle som ønskjer dette. Kurshaldarar er Stig Johansen og Fadil Dizdarevic som til dagleg arbeider på Spjelkavik barneskule.
Lekepatruljen kan tilpasses behovet til kvar skule, nokon har Lekepatrulje i storefri to dagar i veka, medan andre har det fire dagar i veka.
Ta kontakt med Aktivportalen.no eller Glede i bevegelse om du ønskjer meir info om Lekepatruljen eller bestille kurset.